Logo

Archive for oktober, 2014

Referat fra BKMR – fagdag, på Moltustranda

fagdag

Referat

Fagdag (er)

 

Laurdag 25 oktober 2014 kl.13.00 – 20.00

Stad: Molustranda, heime hos Marit Moltu

Deltakarar: Astrid Runde Saxegaard, Britt Sorte, Marit Akslen, Astrid Hestholm, Harald Dyrkorn, Liv Dysthe Sønderland, Åshild Havåg Bergset, Marit Moltu, Karin Augusta Nogva, Trine Røssevold

 

Marit innleier og fortel om virket sitt: Reflekterer kring omgrepet fag.

 

BKMR informerer

Styreleiar Karin Augusta:

Dette har styret jobba med sidan årsmøtet:

- Vi har hatt 4 møter sidan årsmøtet

- Beskjed om at det skulle tilsettast ny direktør på Kube /Kulturkvartalet. I samarbeid med KMR skreiv vi brev til Fylkeskultursjefen for å påpeike at det kunstfaglege måtte vektleggast. Vi snakka også med dei vi kunne i systemet. No er ny direktør Gro Kraft er på plass. (Tidlegare dir ved KORO). BKMR ynskjer seg møte med henne over nyttår.

- Karin hadde barselpermisjon frå mai til september. Heidi gjekk opp som leiar i denne perioden.

- Vi har blitt kontakta av Heidi Mella ang RASK prosjektet på Smøla. Dette er andre året dei arrangerer dette viktig med tilknyting regionalt. Vi skreiv uttale om at vi meinte prosjektet var interessant.

- Planlegging av denne fagdagen.

- VI planlegg møte med den nye Fylkeskultursjefen Heidi Wedlog-Olsen 19.november.

Førebels punkt;  Fylkesstipenda, Høyringsinstans, DKS, Informasjon om BKMR og NBK. Styret ynskjer innspel på fleire punkt til dette møtet:

Innspel frå møtet:

  • Konsulent. Fylket har omtrent slutta å søke KORO om prosjektstøtte. Det er visst Bygg -og vedlikehald avdelinga som har bestemt dette. Dette går på bekosting at dei kunstnariske prosessane. Ting skal gå fort og det går ut over kvalitet. Konsulenten får liten moglegheit til å påverke eller gripe inn. Kanskje BKMR kunne i lag med KMR hatt møte med Byggavelinga for å snakke om kunstnariske prosessar og på ein måte kurse dei. Det er viktig at dei får respekt for vår profesjon.
  • Kjønnsballansen på dei største stipenda. Det er stort sett menn som har fått dei største stipenda. Rapporteringa bør ver ulike på prosjektstipend og arbeidsstipend. Kva er definisjonen?
  • Vestlandsutstillingen treng meir pengar. Liv vil sende fakta.

- NBK leiarsamling. Kva er BKMR sine erfaringar med å jobbe opp mot politikarar for å få gjennomslag for å få prosjekt.

Merksemd i forkant av val. Paneldebatt.

Dersom ein skal få noko inn i partiprogrammet må ein tidleg på bana.

Vise konkret kva vi bidreg med; dokumentasjon, avisartiklar, Innspel til fylkestinget.

 

Trine informerte frå NBK og frå Kulturrådets årskonferanse:

Årskonferansen

Statsbudsjettet: Kulturbudsjettet er auka 2,6 % , Litt fleire stipend

-Visuell kunst

Lav prioritering – utpreget internasjonalisering

Når det gjeld utstillingshonorar så har nye regjeringa forstått og skrevet ned det NBK har jobbet med lenge: kunstnerar er ikkje ansatt på institusjonane. Dei er leveranse av utstillingar.

Kunstnaren skal ha betalt for den jobben- utstillingshonorar

- så kva kan du tape og kva kan du vinne med ei slik regjering?

Utstillingshonorar:

NK og FFF jobbar tett i lag med NBK- har samen utforma ein pilot (fått bevilget 6 000 000kr) det er 4 ulike institusjonar som er med i denne pilotordninga- vederlag. Dette er ei satsing som har som mål å bli fast.

Yngve Slettholm- styreleder Norsk kulturråd- Han snakka på kulturkonferansen og understreka mellom anna at visuelle kunstnar ikkje får betalt for arbeidet dei gjer.

Kulturrådet er under evaluering no. Eit av forslaga til endring handlar om kven som utpeiker stipendkomiteane. I rapporten som kom tidlegare i år vert det konkludert med at det er altfor nære band mellom dei som deler ut og dei som mottatt. Her er ikkje armlengds avstand.

NBK er ueinige i dette utsagnet og meiner at kunstnerane kjenner best til fagfeltet vårt og er difor dei mest kompetante til å vurdere stipendsøknadar. Den såkalla fagfellevurderinga.

Kulturministeren- Ho gav klar beskjed på kulturkonferansen at det blir ikkje kutt i  kulturbudsjettet i hennar periode.

Info fra BKMR og NBK slutt:

 

Pause

 

Kl.16.00

Harald Dyrkorn om Tema: Kva gjer kunsten? Korleis kan kunsten vere samfunnrelevant?

Middag: veldig god heimelaga Tomatsuppe m/tilbehør som Trine hadde stelt i stand.

Etter dette fekk vi vere med Marit Moltu på ei ferd i hennar kunstnariske univers. Det var ein flott opplevelse der vi gjekk fra rom til rom. Trommeloftet, så lyktevandring i hauststormen og til slutt enda vi på kystmuseet der ho presenterte kunstprosjektet ” Tid for stunder”

 Takk til alle som kom og ein stor takk til Marit Moltu som opna sitt atelier og tok i mot oss!


MRK- Fortellinger – tre som uttrykksmåte, Onsdag 5. november

 

TemakveldFortellinger – tre som uttrykksmåte

Tid: Onsdag 5. november klokka 19
Sted: Møre og Romsdal kunstsenter, Plassen

Med utgangspunkt i Tore Reischs utstilling «The Rubric of Regeneration» ønsker vi å sette søkelys på tre som et av våre viktigste naturmaterialer.

Fra byggetradisjoner hvor det var fokus på bestandighet lever vi i dag i en tid hvor det er rimelige og enkle løsninger som ofte velges. Romsdalsmuseet er det kulturhistoriske regionmuseet med ansvar for å ta vare på å undersøke historiske bygninger og gjenstander. De har en unik kompetanse på når det gjelder trebaserte håndverkstradisjoner og vern av disse.

Kunstneren Tore Reisch belyser gjennom sine skulpturer og tegninger den ubalansen som ofte er kjennetegnet for forholdet mellom naturen og samfunnet i dag. Han bruker også ofte en museal estetikk som virkemiddel i sine arbeider.

I en samtale mellom Tore Reisch og Øyvind H. Vestad som er båtbygger ved Romsdalsmuseet ønsker vi å belyse treets rolle som materiale for kunst og byggverk før og nå.

Velkommen!


Galleri støtte – frist 20 november

Lyser ut kr. 1 mill. til nytt pilotprosjekt «Frå gråpapir til galleri»

Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge lyser ut kr. 1 000 000 til prosjekt «Frå gråpapir til galleri». Vi ønskjer å gi unge kunstnarar høve til å ta i bruk ledige forretningslokale i sentrum av byane Kristiansund, Molde og Ålesund til galleri der dei kan vise fram kunst/talent/produkt.

Carina Stokke

Prosjektleiar for kreative Møre og Romsdal, Carina Stokke. Foto: Karoline Evju.

Det blir no gitt høve til å søke midlar til eit prosjekt som har fått namnet «Frå gråpapir til galleri». Prosjektet går ut på å ta i bruk ledige butikklokale i sentrum av byane Kristiansund, Molde og Ålesund som galleri/utstillingslokale. Det kan søkjast om midlar til å dekkje husleige og driftskostnadar over to år (2015 og 2016).

Drahjelp til unge kunstnarar

-Bakgrunnen for utlysinga er at vi ønskjer å gje unge kunstnarar drahjelp ved å dekkje utgifter til galleri der dei kan stille ut kunsten sin eller vise fram produkta sine, seier prosjektleiar for kreative Møre og Romsdal, Carina Stokke.
-Ved å nytte ledige butikklokale i sentrum av byane, vil ein bidra til å auke aktivitet etter stengetid og gjere byane meir attraktive.

Søknadsfrist: 20. november 2014

Kva kan midlane dekke?

Vi inviterer enkeltpersonar eller ad-hoc grupperingar til å søke på prosjekta. Søkar må sjølv finne ledige lokale og inngå avtale med utleigar. Midlane kan dekkje honorar til prosjektleiar og utgifter til drift av galleriet, samt husleige og driftskostnadar over 2 år (2015 og 2016). Lokala kan ikkje nyttast til kontor.

Krav til søkar:

  • Enkeltpersonar eller ad-hoc grupperingar kan søke.
  • Søkar må vise til kompetanse/utdanning innafor fagfeltet eller vise til erfaring frå drift av galleri.
  • Søkar må finne ledige lokale og inngå avtale med utleigar
  • Søkar må gjere greie for korleis lokalet skal bli brukt og korleis drifta av galleriet skal organiserast. (Dette inkluderer «booking» av kunstnarar, kontakt med utleigar, marknadsføring osv.)
  • Søkar bør vere kopla på allereie eksisterande nettverk for kreative næringar i Møre og Romsdal (kreativfylke.no, Kreativ Arena Plassen, hoppid.no)
  • Dersom søkar har eiga verksemd, må ein opplyse om eigarforhold og samarbeidspartar

Retningslinjer for galleriet:

  • Lokalet skal bli brukt til utstilling, ikkje til kontor eller produksjonslokale
  • Hovudmålgruppa: unge kunstnarar (20-39 år)
  • Det skal vere forutsigbare opningstider for galleriet
  • Kunstnarar som ønskjer å stille ut i galleriet, må betale ein eigenandel
  • Det vil bli stilt krav rundt profilering, rapportering, utbetaling av tilsegn osv.

På www.mrfylke.no/kreativenaeringar finn du søknadsskjema og kva kriterium som må oppfyllast for å kunne søkje.

Søknadsfrist: 20. november 2014


BKMR inviterer til Fagdag (er)

 

Laurdag 25 oktober 2014 kl.13.00 – 20.00 m/overnatting

Stad: Molustranda, heime hos Marit Moltu

 Det blir medlemsmøte med nevenyttig informasjon, samtale og diskusjon med Harald Dyrkorn, møte med Marit Moltu sine prosjekter og det sosiale i møte med kvarandre. Håper så mange som muleg kan komme.

 BKMR har som mål å arrangere ein årleg fagdag for våre medlemmar. Dette for at ein skal kome saman og at medlemmane skal få mulegheita både til ytre seg til oss som styre men også til faglig styrking.

I år har vi vore så heldige å bli invitert til ein av våre medlemmer Marit Moltu, som bor på Moltustranda i Herøy. Alle medlemmane er invitert til ein heil dag saman og mulegheit for overnatting. Det blir muleg å få oppleve Marit sine prosjekt, inne og ute.

Vi har invitert Harald Dyrkorn som skal snakke om: Kva gjer kunsten? Korleis kan kunsten vere samfunnrelevant?

Harald er fra Fjørtofta og utflytta til Skarnes i Sør-Odal, men han er på øya flere gonger i året. Der han trivest i det opne landskapet på øyane mot havet. Han har jobba med ruspolitikk sidan 1990 i Det Norske Totalavholdsselskap og har høgskuleutdanning i samfunnsplanlegging og har bachelorgrad i sosialantropologi. Harald er oppteken av kva kunsten gjer, korleis kunsten kan opne ny innsikt i verkelegheita og samfunnet vi lever i. Er aktivt politisk engasjert, noko som gjer at kunst er svært viktig for hans arbeid. Har reist mykje i Nord-Afrika og gjort seg kjent med Sudan, der det har vore spennande å følgje med i kunsten dei siste åra.

Programmet for dagen:

13.00   Moltustranda- vi møtast til innlosjering og lett prat

servering av frukt/drikke og noko lett å ete

Marit innleier og ønskjer velkommen

14.00   BKMR orienterer om arbeidet sitt. Open diskusjon

15.00    Pause – Vi lager trommesuppe

15.30   Harald Dyrkorn foredrag: Tema: Kva gjer kunsten? Korleis kan kunsten vere samfunnrelevant?

Open for diskusjon og samtale i plenum.

17.00   Middag (Trommesuppe m/ brød)

18.00   Marit forteljer om sitt arbeid her som kunstner, Marit tar oss med på nokre av dei prosjekta ho har rundt der ho bor.

20.00 program slutt.

Viktig meldig fra Marit: Ta på VARME KLÆR…. gode skor ..Dette er ikkje luksushotell og hypergalleri ,

men eit inntog i URverda

 

 

Med vennleg helsing

Styret i BKMR