Logo

Archive for august, 2016

faglig møte 27-28 august i Ålesund

27 og 28 august inviterer Biletkunstnarane i Møre og Romsdal (BKMR) og Kunst Håndverkerane i Midt Norge (NKM) alle medlemmar til fagleg-møte i Ålesund.

For at alle som reiser langt skal rekke fram til møtet starter vi ikkje før kl 12.30 med det faglige programmet. Møtet finner sted i molovegen (Kunstskolens lokaler)

 

Det blir fokus på utstillingsavtalen der vi sammen skal diskutere ei mulig pilotordning i Møre og Romsdal Fylke. Vi ønskjer også å få til ein søknad sammen om eit arrangement mellom BKMR og NKM neste år.

 

Det blir omvisning på Ålesund Kunstfagskole, Kunstmuseet Kube sin utstilling «Byen» laurdagen og omvisning på den nye Kunsthallen i Ålesund KHÅK og Aggregat Atelierfellesskap på søndagen.

 

Vi deler opp møtet slik at medlemsmøte blir hovedsaklig laurdagen for dei som ikkje kan vere med på omvisning på søndagen.

 

Vi sender ut programmet så snart det er klart.

 

 

 

 

Vel møtt

Helsing BKMR &NKM


Minner om at søknadsfristen er utsatt til 1 oktober

Tilskot til profesjonelle kunst- og kulturprosjekt

Tilskot til profesjonelle kunst- og kulturprosjekt.

Søknadsfrist: 1.oktober

Formål

Stimulere til auka kunst- og kulturproduksjon i Møre og Romsdal, og styrke rammevilkåra for profesjonelle kunstnarar innan alle uttrykk.

Kven kan søke?

Søkarar kan vere profesjonelle kunstnarar, organisasjonar og miljø i Møre og Romsdal som gjer kunst- og kulturprosjekt av høg kvalitet tilgjengeleg for flest mogleg.

Ordninga er open for alle kunstuttrykk og sjangrar.

Søknadsfrist

1.september

Søknadsbehandling

Svar blir sendt til søkarar via e-post.

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Dette vil bli lagt ut her i løpet av kort tid.


1,5 millionar til atelierstøtte i Møre og Romsdal

1,5 millionar til atelierstøtte

Profesjonelle kunstnarar i Møre og Romsdal får fylkeskommunal støtte til felles arbeidsverkstad.

Foto: iStock_000080105625

I vår lyste fylkeskommunen ut 1,5 mill. kroner til felles arbeidsverkstad for kunstnarar i Møre og Romsdal. Vi fekk inn søknadar på til saman om lag tre millionar. Søknadane er no ferdig behandla, og prosjekta som får støtte er:

  • KunstKompressor v/ Geir M. Brungot, Sykkylven – kr 200 000
  • Åtgaum v/ Øystein Dahle Egset, Volda – kr. 240 000
  • Sirkel 4 v/ Ine Harrang, Molde – kr 350 000
  • Gruppe M v/ Anne Sara Loe, Molde – kr 350 000
  • Aggregat Atelierfellesskap v/ Simon Wågsholm, Ålesund – kr 350 000

Beløpet utgjer inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Prosjekta er to-årig.

Vil styrke tilbodet for kunstnarane

-Vi ønskjer å styrke grunnlaget for kunstnarar i fylket til å produsere samtidskunst. Dette er ei yrkesgruppe med stor uforutsigbarheit både i arbeidstid og inntekt. Mange vel difor å ha arbeidsverkstaden sin heime. I eit atelierfellesskap får kunstnarane i større grad høve til å utveksle erfaring, styrke nettverk og finne nye marknadar, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Carina Stokke.

Faste og opne plassar

Ein føresetnad for å få støtte er at det skal vere minimum tre profesjonelle kunstnarar med i arbeidsfelleskapen. I tillegg skal prosjekta ha tilbod om opne plassar for andre kunstnarar som i kortare eller lengre periodar treng å leige atelier.

- Bortsett frå Aggregat, er alle nye prosjekt. Det betyr at dei neste to åra er det mange fleire kunstnarar i fylket som får høve til å leige seg inn i eit fellesskap, seier Stokke.

Satsing på kreative næringar

Møre og Romsdal fylkeskommune har ei fire-årig program for utvikling av kreative næringar i Møre og Romsdal. Utlysinga er eitt av tiltaka i denne satsinga.


Gratulerer!! Møre og Romsdal Kunstnarstipend 2016

Delte ut 600 000 i kunstnarstipend

Kultur- og folkehelseutvalet delte måndag 13.juni ut kunstnarstipend på tilsaman 600 000 kr.  Fem av åtte mottakarar, var samla til overrekking på Scandic Parken i Ålesund.

Kultur- og folkehelseutvalet delte ut kunstnarstipend for 2016

Her var det offisiell overrekking av stipenda med kultur- og folkehelseutvalget og andre frammøtte. Målet med stipenda er å gje kunstnarar moglegheit til å fordype seg i større prosjekt.

Jorunn Kernberg, ein av stipendmottakarane, opna sermonien med musikk. Etterpå var det innleiing av leiar for kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter, som også delte ut det første stipendet. Resten av stipenda vart delt ut av ulike medlemmar av utvalet, og grunngjevinga for kvar enkelt vart lese opp.

- Eg har bestemt meg for å satse fulltid som forfattar, sa Bjørn Vatne, som fekk utdelt 50 000 kroner i stipend. – Då eg fortalte dette til ein kollega, fekk eg to råd: søk på alle stipenda du finn og ta imot det du får av gratise lunsjar. I dag får eg begge deler, sa Vatne til latter til salen.

Les meir om bakgrunnen for stipenda og dei ulike mottakarane i ei tidlegare nettsak.

 

https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur/Nyheiter/Delte-ut-600-000-i-kunstnarstipend