Logo

Archive for oktober, 2016

Bli medlem, søknadsfrist 15 november 2016

BKMR-bilde-1-fb

 

BKMR (Biletkunstnarane i Møre og Romsdal) er ein grunnorganisasjon under NBK (Norske billedkunstnere) og medlemskap hos oss gir automatisk medlemskap i NBK.
BKMR arbeider for ordningar som gjer at kunstnarane skal kunne klare seg bra og få jobbe fritt med utøving av sitt yrke. Vi har dei seinare åra arbeidd for:
- Løn for arbeid
- Fylkesstipend
- Atelierfinasiering
- med mykje meir
Det er viktig at vi representere flest mogleg av dei profesjonelle biletkunstnarane med tilknyting til fylket vårt. Dette gir oss større musklar og større sjølvtillit. Difor oppfordrar vi deg som er profesjonell biletkunstnar om å søke om medlemskap.
På BLI MEDLEM finn du informasjon om søkekriteriar og framgangsmåte.

Søk Vestlandsutstillinga 2018, søknadsfrist 1 november

Vestlandsutstillingen er no open for

søknadar for 2018-utgåva.

Søknadsfrist er 1.november 2016.

 

Fullstendig utlysingstekst for VU18 finn du her 

Søknadsskjema for VU18 finn du her.

 


Søk medlemskap i BKMR, ny frist 15 november

Søknad om medlemskap i BKMR innen 15 november.

For å bli medlem hos BKMR må du vere profesjonell og yrkesaktiv biletkunstnar. Dette er ei vurdering som styret i BKMR gjer på bakgrunn av innsendt søknad. Her vert søkjaren si kunstfaglege formal- og realkompetanse vurdert ut frå kriterier vedtatt av NBK sitt Landsmøte. I desse kriteria heiter det at søkjarar skal ha mastergrad (MA) frå ein av Kunsthøgskulane i Noreg eller samanliknbar institusjon i utlandet. Har ein søkjar bachelor (BA) skal utdanninga sjåast i samanheng med kunstnarisk aktivitet.

Det er også mogleg for kunstnarar utan formalkompetanse å søkje medlemskap i BKMR. I ein slik samanheng skal søkjaren vise profesjonsnivå tilsvarande kompetanse på mastergradnivå.

Når ein søkjar blir vurdert skal det leggast vekt på utdanning, kunstnarisk aktivitet, utsmykkingsoppdrag, innkjøp, stipendtildeling og prisar.

 

For at styret i BKMR skal kunne vurdere alt dette skal ein søknad innehalde dette:

Skriftleg søknad som gjer greie for kunstnarisk praksis

CV  Dersom utdanninga er tatt i utlandet må vi vite om den er godkjent av Lånekassen.

Biletmateriale og gjerne med link til heimeside.

Søknaden sendast til bkmr.leiar@gmail.com

eller via post til styrets leiar. Denne adressa finn du under menyen kontakt.

 

Medlemskontingenten for BKMR er kr 550. Medlemskap i BKMR gir automatisk medlemskap i NBK som har sin eigen kontingent.

For å bli medlem i BKMR må du bu i Møre og Romsdal. Bur du ikkje her i fylket men har tilknytning Møre og Romsdal, og er medlem av ein annan av NBKs distrikstorganisasjonar kan du bli assosiert medlem hos oss. Assosierte medlemar har ikkje stemmerett på BKMR sitt Landsmøte, men forslags og talerett. Dei betaler halv kontingent til BKMR.