Logo

Vedtekter

 

 V E D T E K T E R   F O R 

B I L E T K U N S T N A R A N E   I

M Ø R E   OG  R O M S D A L

org.nr 911 577 623

 

§ 1      NAMN OG ORGANISASJON

Biletkunstnarane i Møre og Romsdal (BKMR) er ein fagorganisasjon for profesjonelle biletkunstnarar i Møre og Romsdal.

BKMR er ein av Norske Billedkunstnere (NBK) sine distriktsorganisasjonar og er forplikta av vedtekter og landsmøtevedtak i NBK.

BKMR er organisert som foreining utan sjølvstendig økonomisk formål.

 

§ 2      FORMÅL

BKMR skal ivareta biletkunstnarane sine faglege, økonomiske, ideelle og sosiale interesser i Møre og Romsdal.

 

§ 3      MEDLEMSKAP

3.1      Skriftleg søknad om medlemskap sendast til BKMR sitt styre. Søkjarar som oppfyller opptaksvilkåra for distriktsorganisasjonar, vedtatt på NBK sitt landsmøte, har rett til medlemskap i BKMR. Medlemskap i BKMR fører automatisk til medlemsskap i NBK.

3.2      Medlemmar pliktar å betale kontingent til både BKMR og NBK. Kontingentane vert innkravd og skal betalast til NBK. Kontingent til BKMR fastsettast på Årsmøte.

3.3      Profesjonelle biletkunstnarar som buset seg for kortare eller lengre tid i Møre og Romsdal har rett til opptak utan ny vurdering når dei har vore medlem i ein annan distriktsorganisasjon.

3.4      Ved innmelding gir det enkelte medlem fullmakt til at BKMR kan forhandle om, og inngå avtalar om bruk og vederlag, som finn stad i Møre og Romsdal, og for vederlag som vert ytt på kulturpolitisk grunnlag i Møre og Romsdal.

3.5      Biletkunstnarar busett utanfor Møre og Romsdal, som er knytt til Møre og Romsdal, og som elles oppfyller kravet om medlemskap, kan bli tatt opp som assosierte medlemar. Assosiert medlemskap gir ikkje stemmerett i BKMR sine organ eller medlemskap i NBK. Assosierte medlemar betaler halv kontingent. Denne vert kravd inn av BKMR.

 

§ 4      BKMR sine ORGAN

Årsmøtet (§5), Styret (§7), Kontrollutval (§8), Valnemnd (§9)

 

§ 5      ÅRSMØTET

5.1      Årsmøtet er BKMR sitt øvste organ. Vedtak som vert fatta på Årsmøtet er bindande for BKMR sine medlemar.

5.2      Årsmøte skal haldast kvart år innan 10.mars. Innkalling med foreløpig dagsorden sendast ut minst 5 veker før møtet. Saker til Årsmøtet skal fremjast til Styret og må vere Styret i hende seinast 4 veker før Årsmøtet.

Dagsorden med samlege sakspapir sendast ut minst to veker før møtet. Berre saker som er fremja på denne måten kan takast opp på Årsmøtet.

5.3      Alle medlemmar av BKMR har rett til å møte på Årsmøtet. Medlemmar som ikkje kan møte på Årsmøtet kan gi skrifteleg fullmakt til eit anna medlem. Fullmakter med ope mandat sendast direkte til medlemmen. Ingen medlem kan ha meir enn tre fullmakter.

Årsmøtet er vedtaksfør når det er lovleg innkalla. Dersom Årsmøtet ikkje er vedtaksfør skal det innkallast til nytt årsmøte innan 3 veker. Dette Årsmøtet kan berre handsame saker som vart fremma til det ordinære Årsmøtet.

5.4      Assosierte medlemmar og observatørar har møte- og talerett, men ikkje stemmerett.

5.5      Årsmøtet vert konstituert ved godkjenning av innkalling, fastsetting av dagsorden og val av møteleiar, 2 referentar og 2 til å godkjenne referatet.

5.6      Årsmøtet handsamar:

- Styret si årsmelding

- Rekneskap

- Saker fremma av eller gjennom Styret

- Handlingsplan

- Budsjett

- Fastsetting av medlemskontingentar

- Oppnemningar

- Val

5.7      Årsmøtet vel:

Styreleiar

Styret: 2 medlemmar og 2 vara.

Kontrollutval: 2 medlemmar

Valnemnd: 2 medlemmar

Styret i Kunstnersenteret Møre og Romsdal: 1 medlem og 2 vara

Kontrollutvalet for KMR: 1 medlem

Regionalt samarbeidsutval (RSU): 1 medlem

Delegatar til Landsmøtet i NBK

Kandidatar til verv i NBK

Representantar til ulike verv og styre der BKMR har posisjonar.

Styreleiar vert valt for 1 år i gongen.  Medlemmar til styret i BKMR vert valt for 3 år, der eit verv er på val kvart år.

Berre medlemmar i BKMR kan stille til val.

 

§ 6      EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Ekstraordinært Årsmøte skal innkallast med minst 4 vekers varsel når minst 1/10 av medlemmane, eit fleirtal i Styret, eller Kontrollutvalet krev det. Krav om Ekstraordinært Årsmøte skal fremjast skriftleg til Styret. Sakspapir skal fylje innkallinga. Berre saker som er grunnlagsgjevande for det Ekstraordinært Årsmøte for kan handsamast. Møtet konstituerer seg på same måte som eit ordinært årsmøte.

§ 7      STYRET

7.1      Styret er BKMR sitt øvste organ mellom årsmøta. Styret vel sjølv sin eigen nestleiar og kasserar. Eit av medlemmane skal sitte i KMR sitt styre. Den gjennomgåande styrerepresentanten veljast av Styret sjølv. Vervet i KMR går over 1 år.

7.2      Styret har ansvar for BKMR si verksemd, men unntak av dei oppgåver som etter vedtektene er lagt til Årsmøtet (§5) og Valnemnda (§9). Styret har ansvar for gjennomføring av vedtak fatta på Årsmøtet.

7.3      Det bør haldast minst fire styremøte pr år. Styremøta skal innkallast skriftleg, med sakspapir vedlagt, seinast ei veke før styremøtet. Det skal førast referat frå styremøta. Referata skal godkjennast av styret.

7.4      Styret er ansvarleg for kunstnariske vurderingar i høve medlemsopptak og eventuelt anna kunstnarisk juryarbeid som BKMR får ansvar for.

7.5      Styret foreslår kandidatar til Den Nasjonale Jury og Stipendkomiteen (NBK)

7.6      Styret er vedtaksføre når minst 2/3 av medlemmane eller vara er tilstades. Leiar eller nestleiar må vere tilstades. Vedtak vert avgjort med simpelt fleirtal. Ved likt stemmetal skal leiar si stemme avgjere.

§ 8      KONTROLLUTVALET

Kontrollutvalet skal vere samansett av to medlemmar. Utvalet si oppgåve er å kontrollere at vedtak som er fatta på BKMR sitt Årsmøte vert handsama av Styret. Kontrollutvalet skal ha tilgang på alle BKMR sine dokument, bør møtast to gonger pr år, og skal levere rapport til Årsmøtet.

Eit einstemming Kontrollutval kan krevje Ekstraordinært Årsmøte.

§ 9      VALNEMND

9.1      Valnemnda er samansett av to medlemmar. Verva går over to år og er på val i alternerande år.

9.2      Valmnemnda innstiller kandidatar til val av: styreleiar, styremedlemmar, Kontrollutval, Valnemnd, Styret i KMR, Kontrollutvalet for KMR, RSU, verv som veljast på NBK sitt Landsmøte, og styrer der BKMR har representasjon.

 

§ 10    MEDLEMSMØTE

Styret innkallar til medlemsmøte etter behov. Medlemsmøta sin funksjon er debatt og informasjon mellom medlemmane og Styret. Medlemsmøta er rådgjevande for Styret.

§ 11    URAVSTEMMING

Styret kan sende saker som har stor innverknad på medlemmane ut til uravstemming. Årsmøtet eller eit Ekstraordinært Årsmøte kan på same vis vedta å sende ei sak ut til uravstemming. NBK sine Landsmøtevedtak og BKMR sine Årsmøtevedtak kan ikkje overprøvast ved uravstemming. Uravstemminga er ikkje bindande med mindre 2/3 av medlemmane deltek eller at minst halvparten av medlemmane stemmer likt. Dersom uravstemminga ikkje vert bindande skal den endelege avgjersla takast av Styret.

 

§ 12    OPPLØYSING

Oppløysing av organisasjonen kan berre skje med 2/3 fleirtal på to Årsmøter på rad. Ved vedtak om oppløysing skal det samstundes vedtakast kva som skal skje med arkiv, midlar og aktiva. Det er ein føresetnad at desse skal nyttast i tråd med BKMR sitt føremål.

 

§ 13    VEDTEKTSENDRINGAR

Endringar av vedtektene kan berre skje på Årsmøtet med 2/3 fleirtal. Vedtektsendringar trer i foreløpig i kraft etter vedtak på Årsmøtet. Vedtektsendringar er først endeleg godkjent når dei er vedtatt på NBK sitt landsmøte.