Logo

Bli medlem

 

Søknad om medlemskap i BKMR innen 15 november.

For å bli medlem hos BKMR må du vere profesjonell og yrkesaktiv biletkunstnar. Dette er ei vurdering som styret i BKMR gjer på bakgrunn av innsendt søknad. Her vert søkjaren si kunstfaglege formal- og realkompetanse vurdert ut frå kriterier vedtatt av NBK sitt Landsmøte. I desse kriteria heiter det at søkjarar skal ha mastergrad (MA) frå ein av Kunsthøgskulane i Noreg eller samanliknbar institusjon i utlandet. Har ein søkjar bachelor (BA) skal utdanninga sjåast i samanheng med kunstnarisk aktivitet.

Det er også mogleg for kunstnarar utan formalkompetanse å søkje medlemskap i BKMR. I ein slik samanheng skal søkjaren vise profesjonsnivå tilsvarande kompetanse på mastergradnivå.

Når ein søkjar blir vurdert skal det leggast vekt på utdanning, kunstnarisk aktivitet, utsmykkingsoppdrag, innkjøp, stipendtildeling og prisar.

 

For at styret i BKMR skal kunne vurdere alt dette skal ein søknad innehalde dette:

Skriftleg søknad som gjer greie for kunstnarisk praksis

CV  Dersom utdanninga er tatt i utlandet må vi vite om den er godkjent av Lånekassen.

Biletmateriale og gjerne med link til heimeside.

Søknaden sendast til bkmr.leiar@gmail.com

eller via post til styrets leiar. Denne adressa finn du under menyen kontakt.

 

Medlemskontingenten for BKMR er kr 550. Medlemskap i BKMR gir automatisk medlemskap i NBK som har sin eigen kontingent.

For å bli medlem i BKMR må du bu i Møre og Romsdal. Bur du ikkje her i fylket men har tilknytning Møre og Romsdal, og er medlem av ein annan av NBKs distrikstorganisasjonar kan du bli assosiert medlem hos oss. Assosierte medlemar har ikkje stemmerett på BKMR sitt Landsmøte, men forslags og talerett. Dei betaler halv kontingent til BKMR.