Målarinna
Ho måler.
Ho måler menneske like ved kanten.
Hennar menneske er dei som har noko å fare med, men som blir lagt band på. Syngande menneske som ikkje får fram ein tone, som i hennar utstilling ”Stillhetens oratorium”. Eller dei vågale som låsast fast midt i si gjerning, frå ”Tause Poeters Forestilling”. Ho reknar seg sjølv som ein målar av det knebla menneskesinnet, men nøler ikkje med å kalle sitt arbeid visuell poesi. Men medan ho så står der med poesi til langt oppetter låra, vil ho slå et slag for det velsigna paradokset. Sjølvmotseiingane som emnar å gje det opplagde ein brodd.
Hennar menneske er naturalistisk malt, til tross for at ho forvrenger dei etter eige lune. Modeller er sjeldan å finne i hennar atelier. Ho søkjer fantasiens referansar framfor fysikalske avgrensingar.
Hennar langsame natur harmonerer med oljemålinga sin seige substans. Dei seinare åra har ho sverja til dette mediet, og då i sær, med treplater som underlag.
Utdanning: 1996-97 Akademie Der Bildenden Künste, Wien, Austerrike. 1990-95 Duncan of Jordanstone College of Art, Dundee, Skottland.
Separatutstillingar: 2004 Artoteket, Oslo 2003 For Døve Øyre, Galleri Alnes Fyr 2002 Stillhetens Oratorium, Galleri Barbara, Sunndalsøra 2001 Tause Poeters Forestilling, Galleri Elvetun, Sykkylven
Utvalde kollektivutstillingar: 2003 Min Kropp, min heim, Dei Nynorske Festspela i Hovdebygda, Jubileumsutstilling på Kunstnersenteret i M & R 2001 Ta Det Piano i Ålesund, Aalesunds kunstforrening 2000 Galleri Rød i Molde 1996 The Compass Gallery i Glasgow, Skottland 1995 Smith Exhibition i Stirling, Skottland, The Graduate Gallery i Edinburgh, Skottland, Bodyworks The Bradshaw Gallery i Dundee, Skottland |