Kunstutdanning frå 1970 til 1982
Borgund Yrkesskule, Fachhochschule Münster, Vestlandets Kunstakademi,
Hochschule für der Bildende Künste Hamburg.
MEDLEMSKAP: NBK og BKMR.
STIPEND:
(På 80-talet): Lorch Schives legat, UKS-stipend, Statens Etableringsstipend,
Vederlagsfondet.
INNKJØPT av Norsk Kulturråd 1985 ”Grøne element” (variabelt objekt)
UTSMYKKINGSOPPDRAG:
(På 90-talet) Kvernberget Lufthamn, møtehallen. Kristiansund.
Møre og Romsdal Helikopterterminal, Kristiansund,
Sunndal Kulturhus, Sunndalsøra.
Marit Moltu har arbeidd med objekt og installasjon sidan 1975. Med utdanning i hovudsak frå tyske kunstinstitusjonar har ho hatt sterk tilknyting til kunst-strømningar i Vest-Tyskland der særleg den kostruktivistiske og minimalistiske kunst-genren har inspirert hennar arbeid.
Ho har delteke på ein rekkje arrangement i inn- og utland, og i tillegg hatt om lag 20 separatutstillingar på ymse stader i Noreg. Dei seinaste i krypten i Oslo Domkirke, Sunnmøre Museum (Ålesund), Kulturhuset USF (Verftet) i Bergen, Møre og Romsdal Kunstnersenter og Nynorsk Kultursentrum (Aasen-tunet), Ørsta.
Ved sidan av sitt virke som kunstnar har ho jobba med kunstformidling i form av til dømes undervisning, seminar og foredrag i samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune, Riksutstillingar og ymse museum og skular med fleire. |